Skjenkestova

Skjenkestova i Skorovas vart etablert i september 2005. Skjenkestova ligg i første etasjen i gamle Skorovatn skole, der det før var sløydsal kombinert med kapell. Seinare har lokalet vore brukt både som musikkrom og barnehage. No ei sermerkt skjenkestove!

Eit breitt utval ølsortar

Vi har lagt vekt på eit breitt utval av ølsortar – alt frå India Pale Ale til Lager, frå Porter til Weissbier. Vi har øl frå over 30 land – frå Japan i aust til USA i vest, og frå Noreg i nord til Australia i sør. I alt har me over 500 forskjellige øl. Dette har gjort at vi berre har øl på flaske og boks, ikkje frå fat.

Belgisk øl står i ei særklasse hos oss med nærare 80 sortar. Det norske utvalet er på over 100. Ut over dette har vi øl frå Finnland, Danmark, Sverige, Island, Russland, Nederland, Tyskland, Tsjekkia, Sveits, Polen, Austerrike, Frankrike, Italia, Spania, England, Irland, Skottland, Hellas, Tyrkia, USA, Jamaica, Den Dominikanske Republikk, Trinidad og Tobago, Barbados, Mexico, Peru, Brasil, Japan, Kina, Australia, New Zealand, Thailand, Singapore, India og Vietnam.

Vi arrangerer ølsmaking – både på Skjenkestova og på andre stader. Ønskjer du smaking, ta kontakt på telefon 413 13 511.

Akevitt

Akevitt er eit anna felt der me har eit breitt sortiment – over 170 forskjellige sortar. Ettersom norsk akevitt er verdas beste, er det akevitt frå Arcus og Det norske brenneri som dominerar. Vi har elles eit godt utval av dram/snaps og anna brennevin (t.d. over 70 maltwhiskyar og over 30 konjakkar), og eit mindre utval i likør og vin. Det er noko for einkvar smak – og med garantert meirsmak!

Vi arrangerer smaking av både akevitt, whisky og konjakk. Bestill smaking på telefon 413 13 511.

Spanande utval

Skjenkestova og utvalet vårt er spanande for mange. Til dømes har folk frå Australia, New Zealand, USA, Tyskland og Russland kome eins ærend for å testa meirsmaken i Skorovas. Folk strøymer til i bobil og motorsykkel, og det er ikkje sjeldan det ligg folk i telt utanfor Skjenkestova for å smaka godt øl!

Åpningstider

Skjenkestova er normalt ope berre i helgene, og er då vanlegvis open frå kl 21:00 til kl 01:00. Men det hender at vi har ope andre tider – dette blir m.a. opplyst på fjesboksida «Skjenkestova i Skorovas» og på plakatar i nærområdet. Vi opnar sjølvsagt òg for grupper som ønskjer mat og drikke – og kanskje ei øl- eller akevittsmaking – til tidspunkt som høver gruppa. Berre ta kontakt på telefon 413 13 511!

Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad
Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad
Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad

Kontaktskjema