Aktiviteter og overnatting

Delta i fjellgardsdrift

4 kilometer frå Skorovas ligg fjellgarden Lyshaug, og for dei som har lyst på ein aktivitet er det muleg å vera med i gardsdrifta kan vi tilby turar til garden.

Når det lir utpå sumaren er det slåttetid, med både siloslått og høyslått. Det blir òg drive slått på fjellmyrer. Gjennom heile sesongen er det beitetilsyn, der vi ser etter sauene og prøver å unngå å treffa på bjørn og jerv.

Garden blir drive av Tanja og Morten Staldvik Wallervand. Dei kan óg by på hytte til utleige nær garden. Kontakt Tanja og Morten Staldvik Wallervand på 456 17 587/928 33 702. Dei formidlar òg jakt- og fiskekort. Du finn hytta her på kartet.

Overnattingsstader i nærleiken

Andre overnattingssteder i nærleiken er Øvre Staldvik, Turisthytta “Messa”, og caravanplassen i Skorovas. Den mest ekslusive overnattinga er hos Skorovas Glamping, som leiger ut ein dom med fantastisk utsikt!

Dei som er medlem i Turistforeninga har tilgang til Skorovashytta, som ligg berre eit par hundre meter frå Skjenkestova.

Det er ellers mogleg å setja opp telt, og parkera bobil eller campingvogn, rett utanfor Skjenkestova. Ta kontakt med oss i forkant, slik at du er sikker på å få plass! Medlemar i Nortrip kan overnatta gratis i ei natt.

Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad
Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad