
Mat- og drikkekultur!
Skorovasmat AS er ei mat- og drikkekulturverksemd i Skorovatn i Nord-Trøndelag. Vi produserer gardsmat og driv skjenkestove. Vi er medlem i Hanen, som stiller strenge kvalitetskrav. Vidare er vi samarbeidspartnar med Norsk Kulturarv, og medlem i Visit Namdalen og Visit Namsskogan.
Opningsdagar juni-juli 2022:
Mangt kan gjera at nokre opningstider kan bli litt uvanlege. Inntil vidare er normal opningstid på Skjenkestova frå kl 21 til 01.
Førebels er det klart at Skjenkestova er open følgjande dagar:
- Fredag 3. juni
- Laurdag 4. juni (pinseaftan)
- Fredag 10. juni
- Laurdag 11. juni («konfirmantane kjem»)
- Fredag 17. juni (Botolfsmesse)
- Laurdag 18. juni
- Fredag 24. juni (Jonsok)
- Laurdag 25. juni (RF?)
- Fredag 1. juli
- Laurdag 2. juli (Syftesok – Skorovassamling)
- Fredag 8. juli (St. Sunnivadagen)
- Laurdag 9. juli
- Fredag 15. juni (Dagen etter gamle midtsommar)
- Laurdag 16. juli
- Fredag 22. juli (Mari Stol)
- Laurdag 23. juli (Hundedagane går inn – GRUVEPUB!)
- Fredag 29. juli (Olsok – bæssmordagen)
- Laurdag 30. juli (Erotisk kveld?)
- Enkelte ettermiddagar kan vi opna tidleg – serleg viss sola skin! Og spesielt viss folk vil ha ættlovering, ættkut eller ættandørj!
- Det går greitt å bestilla andre opningsdagar – og middag – ved å ringa 41313511!

Skjenkestova
Skjenkestova i Skorovas vart etablert i september 2005. Skjenkestova ligg i første etasjen i gamle Skorovatn skole, der det før var sløydsal kombinert med kapell. Seinare har lokalet vore brukt både som musikkrom og barnehage. No ei sermerkt skjenkestove!

Matservering
Vi serverer sjølvsagt våre gjester kortreist mat dersom dei ønskjer det. Men for at maten ikkje skal stå og domna bort i omnen serverer vi berre på bestilling. Ring oss gjerne ei vekes tid før dykk kjem, så ordnar vi god mat – helst av lokale råvarer.