Arrangement

Øl- og akevittsmaking

Vi kan arrangera øl- og akevittsmaking på Skjenkestova. Her kan vi syna litt av verda til “livets vatn” – aqua vita, og gje ein litan smakebit av øl-universet.

Les mer om Øl- og akevittsmaking

Matservering

Vi serverer sjølvsagt våre gjester kortreist mat dersom dei ønskjer det. Men for at maten ikkje skal stå og domna bort i omnen serverer vi berre på bestilling. Ring oss gjerne ei vekes tid før dykk kjem, så ordnar vi god mat – helst av lokale råvarer.

Les mer om vår matservering

Guiding

Vi tek gjerne på oss guiding for deg og dine i nærområdet. Få kjenner lokalhistoria og tilhøva betre enn Inge, så dersom folk vil ha dei sannferdige historiane er vi dei rette å spørje.

Smak av Skorovas

Vi sel òg suvenirar på Skjenkestova:

Meirsmak-krus – Skjenkestova har skaffa flotte ølkrus som vi vonar mange vil kjøpa. Kruset er på 45 cl med logoen for Skjenkestova.
Pris: 120,- eller 200,- for to

Me sel òg t-skjorter i storleik frå S til XXL.
Pris: 200,-

Sydvest
Pris: kr 300,-

Snipphuve/caps
Pris: kr 200,-

Gruvepub 2018

Kvart år arrangerer vi «gruvepub» på Gråbergtippen i Skorovas – dvs. den gamle gruveinngangen. Skorovas Gruber vart nedlagt i 1984, men gruvedrifta sett framleis preg på samfunnet. I år er gruvepuben lagt til  laurdag 21. juli.

SkoroBlues 2018

I år er SkoroBlues lagt til 10. og 11. august.

Fredag spelar Axel Molberg Band, og laurdag er det Gold Neils som entrar scena. SkoroBlues er utearrangement, men med tilgjenge til Skjenkestovas store utval.

Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad
Skorvas, Norge 20200828 Skjenkestua i Skorvas/Skorvatnet fotografert for Hanen. Foto: Fredrik Solstad

Kontaktskjema