Øl- og akevittsmaking
Vi kan arrangera øl- og akevittsmaking på Skjenkestova. Her kan vi syna litt av verda til “livets vatn” – aqua vita, og gje ein litan smakebit av øl-universet.
Matservering
Vi serverer sjølvsagt våre gjester kortreist mat dersom dei ønskjer det. Men for at maten ikkje skal stå og domna bort i omnen serverer vi berre på bestilling. Ring oss gjerne ei vekes tid før dykk kjem, så ordnar vi god mat – helst av lokale råvarer.
Guiding
Vi tek gjerne på oss guiding for deg og dine i nærområdet. Få kjenner lokalhistoria og tilhøva betre enn Inge, så dersom folk vil ha dei sannferdige historiane er vi dei rette å spørje.
Smak av Skorovas
Vi sel òg suvenirar på Skjenkestova:
Meirsmak-krus – Skjenkestova har skaffa flotte ølkrus som vi vonar mange vil kjøpa. Kruset er på 45 cl med logoen for Skjenkestova.
Pris: 120,- eller 200,- for to
Me sel òg t-skjorter i storleik frå S til XXL.
Pris: 200,-
Sydvest
Pris: kr 300,-
Snipphuve/caps
Pris: kr 200,-
Gruvepub
Kvart år arrangerer vi «gruvepub» på Gråbergtippen i Skorovas – dvs. den gamle gruveinngangen. Skorovas Gruber vart nedlagt i 1984, men gruvedrifta sett framleis preg på samfunnet.
Kontakt oss
Adresse: Myra 17, 7893 Skorovatn
Telefon: 41 31 35 11
E-post: post@skorovasmat.no



Kontakt oss!
Har du spørsmål? Send oss en melding via kontaktskjemaet, så kommer vi tilbake til deg – eller ring oss for en hyggelig prat!