Om oss

Verksemda starta opp i 2003, og kjøpte same år ein etasje i den gamle skolen i Skorovas. Der det før var skolekjøken og sløydsal kombinert med kapell driv vi no skjenkestove, kjøken og foredling av mat. Skjenkestova er mellom dei som har størst utval i landet av øl og akevitt. Vi produserer sjølv røykakjøt og pinnekjøt av sau og lam.

Skorovasmat tek vare på lokale og nasjonale mat- og drikketradisjonar. Men vi seier óg ja til fornying av tradisjonane – nye impulsar gjev ekstra meirsmak!

Skjenkestova har eit omframt utval av øl og akevitt. Mange har oppdaga at øl er meir enn lys pils. Øl er kultur. Skjenkestova og Skorovasmat er ei kulturverksemd, og er samarbeidspartnar med Norsk Kulturarv.

Vi tør påstå at Skjenkestova er ein attraksjon i seg sjølv; kven skulle tru at det midt i fjellheimen finst eit øl- og akevittutval som konkurrerer med Noreg sine største byar? Eit besøk på Skjenkestova er ei kulturoppleving!

Andre om oss

Norge Rundt var på vitjing på Skjenkestova 12.november 2010
«Ikke verdens navle, men likevel har Skorovatn en av Norges beste puber» – Adressa.no 9. august 2010
«Bygda med det rare i Adressa.no» – 9. juli 2008
«Selve øltilbudet på Skenkestova kan slukke enhver tørst» – Namdalsavisa 2. desember 2006
«Øl-oasen i Skorovas» – Det står en-og-førti øl… Blogg 1. september 2007