
Mat- og drikkekultur!
Skorovasmat AS er ei mat- og drikkekulturverksemd i Skorovatn i Nord-Trøndelag. Vi produserer gardsmat og driv skjenkestove. Vi er medlem i Hanen. som stiller strenge kvalitetskrav. Vidare er vi samarbeidspartnar med Norsk Kulturarv og medlem i Visit Namdalen.
Opningsdagar februar-mars 2019:
- Laurdag 2. februar (Kyndelsmesse)
- Fredag 8. februar
- Laurdag 9. februar
- Laurdag 16. februar
- Fredag 22. februar (Per varmstein)
- Laurdag 23. februar
- Fredag 1. mars
- Laurdag 2. mars
- Fredag 8. mars (Kvinnedagen)
- Laurdag 9. mars
- Fredag 15. mars
- Fredaag 22. mars
- Laurdag 23. mars (Musikk v/Waits for Tom)
- Fredag 29. mars
- Laurdag 30. mars
- Normal opningstid er frå kl 2100 til 0100, men det kan godt henda vi opnar tidlegare og stenger seinare.
- Det kan bli fleire (eller færre) opningsdagar – følg med på heimesida eller i fjesboka!
- Det kan òg bli ættandørj på ettermiddagane, når folk kjem frå skitur og er tørste!

Skjenkestova
Skjenkestova i Skorovas vart etablert i september 2005. Skjenkestova ligg i første etasjen i gamle Skorovatn skole, der det før var sløydsal kombinert med kapell. Seinare har lokalet vore brukt både som musikkrom og barnehage. No ei sermerkt skjenkestove!

Matservering
Vi serverer sjølvsagt våre gjester kortreist mat dersom dei ønskjer det. Men for at maten ikkje skal stå og domna bort i omnen serverer vi berre på bestilling. Ring oss gjerne ei vekes tid før dykk kjem, så ordnar vi god mat – helst av lokale råvarer.