Kontakt oss

Inge Staldvik er eigar, kneipevert, guide og den som svarar når du ringer.

Adresse: Myra 17, 7893 Skorovatn
Telefon: 41 31 35 11
E-post: post@skorovasmat.no

Ta toget til Skorovas!

Ta Nordlandsbanen til Lassemoen stasjon – derfrå kan du ta “tilbringarteneste” – då kjem du fram til oss med drosje til litt over busstakst! Slik kan du t.d. ta ein svipptur og vitja Skjenkestova – til Skorovas om kvelden, og tilbake neste formiddag. Tilbringaren tingar du på telefon 07417, helst dagen før!

Ordre

Alle ordrer vert behandla så snøgt som mogleg.

Mattilbodet er noko sesongavhengig, men vi kan som regel skaffa det meste. Ta kontakt viss du er interessert i levering av mat og drikke.

Ekstra opningsdagar på Skjenkestova kan vi også ordna med!

Førebels opningstider juli-september 2017:

  • Fredag 21. juli
  • Laurdag 22. juli – Gruvepub på Gråbergtippen
  • Fredag 28. juli
  • Laurdag 29. juli – Olsok
  • 4.-5. august – SKOROBLUES
  • Fredag 11. august
  • Fredag 18. august
  • Laurdag 19. august
  • Onsdag 23. august
  • Fredag 25. august
  • Torsdag 31. august
  • Fredag 1. september
  • Laurdag 2. september – Skorovasmarsjen
  • Fredag 8. september – levande musikk; Pubway
  • Laurdag 9. september
  • Normal opningstid er frå kl 2100 til 0100, men det kan godt henda vi opnar tidlegare og stenger seinare.
  • Det kan bli fleire opningsdagar – følg med på heimesida eller i fjesboka!

Kontaktskjema