Øl- og akevittsmaking

Vi kan arrangera øl- og akevittsmaking på Skjenkestova. Her kan vi syna litt av verda til “livets vatn” – aqua vita, og gje ein litan smakebit av øl-universet. Dykk får óg eit skjema for bedømming av dei ulike sortane: her kan du gi karakter etter ein skala frå 1-10. I tillegg til smak og ettersmak har utsjånad og lukt mykje å seie for korleis vi opplever det vi drikk.

Vi reiser òg rundt til andre plassar der dei vil ha slike arrangement. Det kan nemnast at vi m.a. har vore på store smakeseansar i Levanger, Rørvik og Brønnøysund. Vi stiller gjerne opp på restaurantar, klubbar, hotell og andre stader som ønskjer å formidla kunnskap og smak.

Det finst inga fasit; smaken er ulik og det er din smak som tel! Den drikken du gjev ein 9-ar kan kanskje ein annan gi 2 eller 3. Det er du sjølv – ingen annan – som veit kva du likar og ikkje likar.

Ølsmaking er ikkje som vinsmaking. For at bitterstoffa i ølet skal koma til sin rett er det viktig at ølet får renna ned i strupen – altså spytt ikkje ut! Det er bakarst på tunga desse smakslaukane sit. Ingen snobb skal rynka på nasen når du lar godsmaken trilla ned i magen.

Kontaktskjema