Kontakt oss

Inge Staldvik er eigar, kneipevert, guide og den som svarar når du ringer.

Adresse: Myra 17, 7893 Skorovatn
Telefon: 41 31 35 11
E-post: post@skorovasmat.no

Ta toget til Skorovas!

Ta Nordlandsbanen til Lassemoen stasjon – derfrå kan du ta “tilbringarteneste” – då kjem du fram til oss med drosje til litt over busstakst! Slik kan du t.d. ta ein svipptur og vitja Skjenkestova – til Skorovas om kvelden, og tilbake neste formiddag. Tilbringaren tingar du på telefon 07417, helst dagen før!

Ordre

Alle ordrer vert behandla så snøgt som mogleg.

Mattilbodet er noko sesongavhengig, men vi kan som regel skaffa det meste. Ta kontakt viss du er interessert i levering av mat og drikke.

Ekstra opningsdagar på Skjenkestova kan vi også ordna med!

Førebels opningstider april-mai 2018:

  • Fredag 20. april
  • Laurdag 21. april
  • Laurdag 5. mai
  • Fredag 11. mai
  • Laurdag 12. mai (Gaukdagen)
  • Fredag 18. mai (Eriksmesse)
  • Laurdag 19. mai (Pinseaftan)
  • Søndag 20. mai (Pinsedag)
  • Normal opningstid er frå kl 2100 til 0100, men det kan godt henda vi opnar tidlegare og stenger seinare.
  • Det kan bli fleire opningsdagar – følg med på heimesida eller i fjesboka!
  • Det kan òg bli ættandørj på ettermiddagane, når folk kjem frå skitur og er tørste!

Kontaktskjema